歌词
Eg veit meg ein ædeli skog'e
sunna og vesta fyr fjord:
der vekse så mange dei ædeli tre,
dei venast på jordi som gror.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Det var stride stjukmori,
ho framfyr sengji sto:
Skapt'a i ei villande hind
som spring'e på øydeskog.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Det var han rike Herre-Per,
vakna og om seg såg:
borte var fruva Ingebjør,
som på hass armen låg.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva ?
"Høyre du, unge Herre-Per,
kvi høgg'e du ned min skog?
Du fær kje den ville ørni,
fyrr ho fær manneblod."
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Han skar stykkje utor sin barm,
kasta det hågt'pi kviste;
ørni skreik, så hågt ho gol,
ho ville Herre-Per giste.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
"Gud signe deg, dandis Herre-Per,
fyr alle god-rå'ine dine!
Stjukmor mi sit i Trollebotn,
der græt ho syndine sine."
- No heve sveinen funni jomfruva.
专辑信息