歌曲 / 歌词

Sumarnatta

Listen on Apple Music

歌词

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre.:|
Då skal vi vandra isaman ute,
Der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår.:|
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
Og grashoppespelet i eng,
Men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng.:|
Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
Med vinden og kvite sky,
Og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry.:|