歌曲 / 歌词

Det lyser i stille grender

Listen on Apple Music

歌词

Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos i kveld,
Og tusende barnehender
Mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens Frelsar
Som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute
Og gret på si ringe seng,
Men englane song der ute
På Betlehems aude eng.
♪
Der song dei for fyrste gongen
Ved natt over Davids by
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny.