歌词
Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal.
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin.
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald.
Så eg spurde: Vil du vere venen min?
Men ho svara at: Eg er nok ikkje fri.
Eg har ein som eg vil elske all mi tid.
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann,
Som kan spele slik som berre setesdølar kan.
(Og særleg om han spelar Sordølen, da:
Sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!)
Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler.
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa: Eg vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!
Og så satt eg med gitaren på mitt kne.
Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ...
Og då helga kom så sa eg: Snille jenta mi,
No skal eg få spela danselåta di!
(Og så spelte eg Sordølen, da:
Dælælæ ...)
Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal'n,
For ho visste ikkje kven ho ville ha.
Og slik er det med ei jente som er dansegal' n:
Ho kan like gjerne svare nei som ja.
Så no sitt vi her og spelar både to.
Og ute der på golvet sviv' e ho!
Og i morgan som ho søv den beste svevnen sin,
Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ...